Her publiserer jeg egne artikler som har vært på trykk tidligere
+ noen av interjuene jeg har gitt i forskjellig sammenheng.
De er lagt inn på dato for første publisering.
Se høyre kolonne for artikler på engelsk og russisk

lørdag 28. juni 2003

Brør i armeen


Johannes Morken i VL:  

På årskongressen til Frelsesarmeen har major Jostein Nielsen (47) ein framskoten posisjon som tolk*. I salen sit bror hans, Brynjar Meling (36), advokaten, og lurer på om han skal hengja uniforma si i skåpet for godt.

 Hadde brørne vilja, kunne dei reist som komikarar på hotell ved Middelhavet. På årskongressen for 10-12 år sidan stilte dei opp som komikarar, som restane av mannskoret «Lerken». «Lommelerken» tok forsamlinga med storm. 
 — Eg spelte fiolin, noko eg ikkje gjer. Brynjar spelte piano, noko han ikkje gjer. Vi fekk seriøse tilbod. Men vi var for opptekne, seier Jostein. 

Neste laurdag tek dei tonen tilbake. Niesa deira, Beathe Lunde, skal gifta seg. Ho hadde planlagt at nokre vener skulle spela til brudedansen. Men det gjekk i vasken. Jostein og Brynjar stiller opp. Beathe veit det ikkje. Jostein har lånt Vikingarna-notar. På Toten skal «Leende gulbruna ögon» få dansen til å gå.

Andre tonar.

 Det er andre tonar som skal prega den kongressen til Frelsesarmeen i helga. Men det er flust med humor og sjølvironi på korpsleiarkontoret. Jostein Nielsen dreg fram Professoren som i teikneseriestripa her om dagen definerte ein kongress som eit møte som kompenserer mangel på innhald med mange deltakarar.
 — Det må ha vore mynta på oss, humrar majoren. 

 Advokaten som forsvarar den terrormistenkte mullaen, er ein av deltakarane. Brynjar Meling har tidlegare sagt at han ikkje vart så imponert av tv-bileta der mulla Krekar ropte «Allah» medan han heldt geværet heva. Meling hadde trass alt eit par karismatiske forkynnarar i familien. Jostein Nielsen er karismatikaren.

 — Kva er likskapen mellom mulla Krekar og major Jostein?
 — Dei har båe ei sterk tru og brukar sterke verkemiddel. Dei har teke følgjene av trua si. Men Jostein er pasifist, svarar Brynjar. 
 Jostein vingla seg rett nok fram til pasifismen: Som ferdig utdanna offiser, i Frelsesarmeen, kom Jostein til sesjon. Der nekta han militæret. Men så vart han spurt om å vera presteassistent på Håkonsvern og sa ja. I neste omgang tenkte han at når han fyrst var inne, var det det same kva han gjorde, så han hamna på befalskurs. Men den dagen han fekk opplæring i korleis han kunne bruka batongen utan å etterlata merke, fekk han nok. Han dimitterte.

 I dag leier Jostein Nielsen Templet korps i Oslo.
Brynjar vedgår at han svært sjeldan høyrer broren forkynna.
 — Eg trivest ikkje i karismatiske samanhengar. Eg høyrest sikkert ut som ein snobb også der. Eg er ikkje luthersk. Eg burde kanskje heller bli katolikk.

 — Du har åtvara mot å generalisera om mulla Krekar ut frå einskilduttrykk, som tv-bilete. Kvifor held du deg til einskildinntrykk av karismatikken til bror din?
 — Det er vel for å sleppa å generalisera. Dei møta eg har hatt med karismarikken, har hatt eit svært demagogisk preg, talarane har gjeve uttrykk for ei form for monopol på kontakt med Gud.
 — Den karismatikken eg står for, er kontemplativ. Det ligg nærare deg enn du trur, svarar Jostein. 
 Men talsmannen for mullaen er ikkje på gli. 

 Spørsmålet er så om majoren kunne forsvart mulla Krekar.
 — Ja, svarar Jostein.
 — Når han fyrst fekk opphaldsløyve, må han ha det same vernet som meg. Før Krekar-saka kom opp, diskuterte Brynjar og eg forsvararrolla. Tidlegare tenkte eg at dersom ein advokat inst inne visste at ein klient var skuldig, måtte det vera vanskeleg å forsvara vedkomande. Men Brynjar har overtydd meg om at ein forsvarar si rolle ikkje er å prova uskuld, men å sjå til at aktoratet verkeleg har prov for skuld. Dette er svært enkelt for meg. 

 Frelsesarmeen har mista ein god predikant i Brynjar, meiner Jostein.
Advokaten er aktiv i juniorarbeidet. Uniforma brukte han sist for ein månad sidan. No vurderer Meling å hengja ho i skåpet for godt. Av omsyn til armeen.

 Faren deira, Hans Johnny Nielsen, er i teneste i Kongsvinger. Ei eldre dame putta pengar i bøssa hans, men la til: «Men du burde kvitta dykk med denne advokaten.» 
 «Det var leit,» svara Nielsen. 
 «Eg likar han.» 
Kvinna ville vita kvifor. 
 «Fordi han er son min.» 
Jostein trur ikkje Frelsesarmeen opplever broren som eit problem sjølv om det hender at ein og annan gjevar bed om å verta stroken av listene i protest. 

Meling har opplevd at klientar har «brukt Frelsesarme-greiene» som prov for at dei snakkar sant sidan ein frå Frelsesarmeen ikkje kan lyga. 
 — Av og til har eg kjent meg som eit gissel, seier advokaten. 

Jostein meiner bror Brynjar er meir glad i Frelsesarmeen enn han sjølv. 
 — For meg er Frelsesarmeen ein reiskap der eg kan tena Gud. Medan eg var rektor på Sagavoll, var det an person som aldri gav seg på at eg måtte tilbake som offiser, det var Brynjar. 
 — Det var, svarar Brynjar, meir av omsyn til Frelsesarmeen enn til Jostein. 
 — Eg er tradisjonalist. Armeen treng oppegåande folk. Jostein har eit godt hovud. 

Advokaten. 
Den dagen Annie Bergliot Olsvik i Haugesund vart drepen, stod ikkje telefonen stille hos advokat Meling. Olsvik var aktiv i Frelsesarmeen, og journalistar ville ha kontaktar. Meling såg det som ei oppgåve å hjelpa Frelsesarmeen fram.

 Broren meiner at sidan drapet ikkje hadde noko med bakgrunnen hennar frå Frelsesarmeen å gjera, var dette også heilt uvedkomande i media. 
 Advokaten er usamd, han forstår jakta på vinklingar. 
 — Bakgrunnen hennar understreka det uskuldige, seier han. 
 Hadde han blitt spurt, hadde Meling også teke forsvararjobben for dei to libyarane som er arresterte. Han hadde jamvel sagt ja til å forsvara likskjendarane i Skien. 
 — Då hadde vel aksjane mine i kristenfolket stige endå meir, seier han ironisk. Medan vi intervjuar brørne, er det einkvan som bryt seg inn i bilen til advokaten utanfor Templet, midt på lyse dagen. 
 — Slikt skal forsvarast, konstaterer Meling ved synet av bilen. Det er enno ikkje klart om han tek jobben.
 Jostein vedgå at han ved stortingsval røystar SV. Brynjar er konservativ og heldt seg til Høgre, heilt til 14. september i fjor. I protest mot at «Erna Solberg og Carl I. Hagen hadde kjøpt dei same brillene» i Krekar-saka, vurderer den verdikonservative å røysta RV. 

Slimål.
Brynjar Meling har omtalt seg som ein ryggeslaus slimål i trusspørsmål. 
 — Då har vi tittelen på intervjuet, Meling: «Ein offiser og ein slimål»... 

— Det er i orden. Mora mi ville ikkje likt det. Men eg har trass alt gjeve ho fire vakre barnebarn, så ho får vera nøgd, svarar advokaten og skifter spor: 
 — Eg har alltid verdsett menneske som har ei sterk overtyding. Eg har spurt meg kor mykje det er råd å ta bort får Bibelen før det gjer noko med trua. Jomfrufødselen? At Jesus gjekk på vatnet? Oppstoda? Svaret er: Eg veit ikkje. Kva ville det gjort med trua di, Jostein, om det kom ein professor og sa at det var lagt fram ugjendrivelege prov for at Jesus aldri stod opp. 
 — Det er, svarar Jostein, eit ikkje-spørsmål. Det er umogeleg for meg å tru at det kan koma ugjendrivelege prov. Jomfrufødselen er viktig nok, men tyder langt mindre enn oppstoda.

Intervjuet ble gjort i forbindelse med Kongressen 2003* og stod i:

-------------------------------------
* Jeg tolket Israel Gaither:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar